Gruvedrift i området rundt Notodden i gamle dagar

 

Desse orda er greie å kunne noko om for å skjøne det som står skrive om gruvedrift i gamle dagar:

 

Erts: Mineral og bergartar  som inneheld tungt metall

 

Ertsgangar: Område i fjellet som inneheld erts

 

Mute, muting: Å melde eit malmfunn til lensmannen, og sidan, innan 2 år, søkje om "mutingsbrev" hos Bergmannen.

 

Bergmannen: Den "fagleg" ansvarlege for gruvedrifta, her i området var Bergmannen knytt til Kongsberg Sølvverk.

 

Lakter: Mål på lengd, 1 lakter = ca. 2 meter

 

Gruve: Eit steinbrot som er djupare enn 20 lakter, dvs. ca. 40 meter

 

Skjerp: Eit steinbrot som er mindre enn 20 lakter

 

Stoll: Smal gang, 1-2 meter høg

 

Fyrsetting: Å stable ved på eller opp mot fjellet, la det brenne til fjellet er glovarmt, for deretter å helle iskaldt vatn på slik at fjellet sprekk. Med denne metoden kunne dei kome seg 10-20 cm innover for kvar fyrsetting. Det vil seie ca.1,5 meter i månaden.

 

Privilegium: Dei som ville drive gruver, måtte få privilegium av kongen til det. Det vil seie at dei måtte svare (gje frå seg) ein viss del  av inntektene til Kongen (ofte kalla Kronen).

 

H I S T O R I K K

 

I Telemark hadde det vore noko gruvedrift på 1500-talet. Bøndene blei pålagde plikter i samband med denne gruvedrifta, slik som ved- og kolkøyring, innlosjering av bergmennene  ved gruva, tvangsarbeid i gruvene o. l. Dei som budde i nærleiken av gruvene, blei drivne vekk frå gardane sine, og fekk overta gardar som låg meir avsides til.

 

På grunn av dette, enda det med at bøndene samla seg, og gjorde opprør i 1540. Dei jaga dei tyske bergmennene bort. Seinare blei det samla ein hær av kongens menn som skulle tukte bøndene, skremme dei frå  å gjere opprør. Bøndene samla seg då  i Ambjørndalen i Hjartdal, og kongshæren lova bøndene at dei skulle få fred dersom dei gav frå seg våpna sine. Bøndene gav frå seg våpna. Då dei hadde gjort det, blei bondehæren omringa og 5 av bondeførarane blei dømde til døden ved halshogging.

 

Minnesmerke om bondeopprøret er reist ved Hjartdal kyrkje.

 

På 1500-talet er det kanskje ikkje meir enn 100 mann som er i arbeid med gruvedrift i Telemark - Sandsvær - Eiker. Frå midten av 1500-talet er truleg det meste av gruvedrift nede.

 

Kong Kristian IV gjort eit forsøk med gruvedrift på 1600-talet, men det var mislykka.

 

I 1623 skjedde det endeleg noko veldig viktig for gruvedrifta i Noreg. Ein gjetar, eller ein annan person av bondeslekt, fann sølv på Kongsberg. Bøndene hadde tidlegare tiders gruveverksemd i minnet, og det blei gjort forsøk på å halde funnet hemmeleg. Det gjekk, som vi veit, ikkje lang tid før funnet blei kjend, og det blei sett i gang gruvedrift på Kongsberg.

 

I 1750 var det første kjende tilfellet av malmleiting i Heddal. Det blei søkt om muting av ein ertsgang på garden Høymyr i Lisleherad. Ein Dr. Sandhagen legg fram søknaden, og  bergmeister og direktør Henckel ved Kongsberg Sølvverk går inn for den.

 

I 1751 søkjer den samme Sandhagen om muting av ein gang på garden Håves grunn. Henckel gir lov også no. Håve ligg i Lisleherad.

 

I 1752 blei det søkt om muting av Hollagruvene, ved garden Holla i Heddal. Adam Ziener skriv ut mutingsbrev.

 

Det er framleis tyskarar som har fagkunnskapen innafor bergverksfaget, slik som på 1500-talet. Det ser vi av namna på dei som var bergmenn. (Ziener og Henckel)

 

Hitterdals kobberverk blei danna.  I  Stabbedalen i Lisleherad blei det bygd opp smelteverk. Smelteverket skulle framstille koparmetall av den malmen dei fann i gruvene som er omtalt lenger opp i teksten.

 

I 1753 blei verket pålagt ei rekkje lover og forordningar, mellom anna at dersom det blei funne sølv, skulle dette leverast til myntstøping på Kongsberg mot ei viss godtgjering, 10 Riksdaler per mark reint sølv.(1 mark = 234 gram) Ei anna forordning var at dei som arbeidde ved verket skulle  vere fritekne for verving og utskriving til Hæren. Andre paragrafar seier noko om at Kongen, skulen og kyrkja skulle ha to frie "kuxer" i verket. (Kux er omtrent det same som ei aksje.)

 

I 1756 blei det halde såkalla "circumferenceforretning" til verket i Stabbedalen. Det vil seie at det blei bestemt at bøndene i nærleiken av gruvene var pliktige til å komme med ved frå eigne skogar. (Circumference tyder eigentleg omeign eller sirkel. Det var altså dei bøndene som budde i ein viss avstand frå gruvene som måtte kome med ved)

 

Drifta i Stabbedalen blei veldig liten. Det står skrive at det blei levert 2 kg kopar  til Kongsberg i 1754. Elles veit ein lite, men det er truleg at dette var ei gedigen tapsbedrift.  

 

Frå  verket blei muta, til ein forvaltar Holtzrød overtok som rekneskapsførar i 1758, trur ein at det berre var teke ut  kopar for rundt 500 Riksdaler, medan drifta skal ha kosta 30 000 Riksdaler.

 

Ein trur at det er gått med  ca. 1500 m3 ved til drifta. Setteveden var ca. 1 meter lang, og 15 cm tjukk.

 

I 1761 blei drifta i Stabbedalen avvikla.

 

                                                                                                          Ragnhild KK -99

 

Denne sida blei laga til undervisning av elever ved Sauland skule i forbindelse med en tur til Lisleherad høsten 1999, og er derfor på nynorsk.

Kilder:

Tilbake til Heddalsida